Bli kjent med Årdal

Når du reiser innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du Årdal nasjonalparkkommune. Med mektig, urørt natur og kort veg til Jotunheimen nasjonalpark ligg Årdal mellom høge, bratte fjell og djupe dalar, og er antakeleg Noreg sin mest spanande og ukjende boltreplass for friluftslivinteresserte.

Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal, med omlag 5170 innbyggjarar. Tettstadane er omkransa av fleire dalar: Naddvik (Vikadalen), Nundalen, indre og ytre Ofredal, Seimsdal, Fardalen og Utladalen. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar, både musikk- og friluftslivretta, som trekkjer til seg folk frå fjernt og nært.

Årdal kommune satsar – bli med og sats med oss!

Teknologi- og innovasjonskommunen Årdal er framtidsretta og har eit stort fokus på innbyggjarane sine, på miljøet og på skaping av nye arbeidsplassar. Å arbeide i Årdal byr på inkludering og varierte stillingar, der arbeidsstadane er dynamiske og tilpassingsdyktige med eit stort fokus på trivsel og mangfald.

Her finn ein alt frå lokale til internasjonale bedrifter som famnar om ny innovasjon og moderne teknologi, samt mange spanande satsingsmoglegheiter innan reiselivsnæringa for den eventyrlystne og ambisiøse.

 

Kommunen byr på mange gode og varierte servicetilbod, eit fengjande kulturliv og eit breitt utval av fritidsorganiserte idrettar. Her kan ein finne daglege friluftstilbod for store og små, og det er korte avstandar til skular og barnehagar, idrettsanlegg, skianlegg, badeanlegg og dagsturhytter. I tillegg har Årdal eit stort lokalengasjement innan fleire sektorar med stor bidragslyst frå innbyggjarar i alle aldrar.

I Årdal satsar ein stort på framtida med nettopp lokalengasjement i ryggen, og med nye teknologiinvesteringar som hevdar seg i verdstoppen. No er me på utkikk etter nettopp deg som ynskjer å satse, dele kunnskap og å bidra til samfunnet for ei god framtid for deg sjølv og sambygdingane dine.

NN_logo_Årdal_hvit
Visste du at…..

Årdal har ei barnehagedekning på 99,2 %

Årdalsguiden 2022/23

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her