Martin fann eit paradis i teknologibygda

– Det er ikkje veldig mange plassar der du kan bestiga ein 2000-meterstopp etter ein heilt vanleg arbeidsdag.

Det var kanskje ikkje heilt tilfeldig at Martin Ellingsen Walderhaug (29) hamna i Årdal. For ein friluftsinteressert teknologiingeniør kan det vel neppe bli betre enn spennande arbeidsplass omgjeven av fjord og fjell. Allereie som liten gut kjende han på gode vibbar frå industribygda.

–  Eg var mykje på tur i Jotunheimen saman med far, og me pleidde alltid å stogga i Årdal og eta pizza. Då Hydro lyste ut sommarjobbar for studentar i 2015, slo det meg at dette måtte vera ein herleg plass å tilbringa ein sommar. Og eg elska det! Så då eg fekk høve til å søka fast jobb etter studiet, greip eg sjansen.

No jobbar Martin på TOS – Technology and Operational Support. Det tyder både teknologiutvikling, forskning og dessutan driftsstøtte til fleire av Hydro sine eingingar, både i Noreg og i utlandet. Frå kontorvindauga har han utsyn til både fjord og fjell, begge deler like store og viktige trivselsfaktorar for ein som nok må seiast å vera litt meir enn berre middels interessert.

– Årsaka til at eg kom hit, var ein spennande jobb som er fagleg veldig relevant for utdanninga mi – kombinert med fjell og natur. Årsaka til at eg er blitt verande er at eg har fått gode kollegaer og gode vener, der veldig mange trivast med dei same fritidsinteressene som meg.

Av alle måtar å nyta og bruka naturen i Årdal på, femner Martin sine interesser om stort sett absolutt alt.

– Om vinteren går det i toppturar på ski, turar med fjellski og pulk, kiting på snø og litt isklatring. Om sommaren er det fjellturar og klatring og havkajakk det går i. Årdal er verkeleg heilt supert for ein som har slike interesser som meg. Eg er så utruleg heldig at eg kan trilla kajakken heimefrå eit par hundre meter rett ned til fjorden og berre padla av garde. Og kor mange andre plassar finst det eigentleg der ein kan ta seg ein topptur på ski etter ein heilt vanleg arbeidsdag?

Det å engasjera seg i omgjevnadane rundt, er eit godt tips for å trivast, meiner Martin.

– Mitt beste råd til folk som flyttar hit, er å komma seg ut og treffa folk. Det gjer ein til dømes ved å oppsøka frivillige lag og organisasjonar – og dei er det utruleg mange av. Her er detfaktisk overraskande  stor variasjon i tilbod og aktivitetar. Det er i slike miljø ein kjem i kontakt med folk som har dei same interessene som ein sjølv. Eg kan til dømes varmt anbefala Fjellsportgruppa i Årdal Turlag, det er ein veldig kjekk gjeng!

Martin Ellingsen Walderhaug

Alder: 29
Yrke/avdeling: TOS – Technology and Operational Support

Did you know that.......
SITEP in Årdal is part of the industrial future in the region by increasing the collaboration between businesses, schools, universities and other research environments.

Årdalsguiden 2022/23

This guide gives you a full overview of Årdal and its surroundings and what is on offer, such as local trips and hikes, services, shops, events and meeting spots.

Read more online here