Årdal kommune sitt tilflyttarkontor arbeidar for å leggje til rette for at familiar og enkeltpersonar skal lettare velje å busetje seg i Årdal, og me ynskjer å hjelpe lokale bedrifter med å finne arbeid til tilsette sine partnarar. Ved å samarbeide tett med lokale bedrifter og NAV Årdal kan me vere til hjelp med å kople partnarar/ektefeller til ledige stillingar i næringslivet. I tillegg er me opptekne av å skape bli-lyst ved å hjelpe tilflyttarar med å bli del av sosiale nettverk, bli kjent med Årdal, skaffe seg bustadar og mykje meir.
Har dykk nye tilsette som er tilflyttarar til Årdal vil me gjerne komme i kontakt med dei for å ynskje dei velkomne, og samstundes leggje til rette for at heile familien eller enkeltpersonar får god oppfølging og trivast.
Ta gjerne kontakt dersom dykk saknar noko, har spørsmål eller ynskjer å tipse om ledige stillingar.
Ledige stillingar
Her finn du ei oversikt over ledige stillingar i Årdal. Følg oss i tillegg på sida vår på Facebook for eventuelle stillingar som blir lyste ut utanfor portalane nedanfor: