Kartlegging av unge årdøler

Me ynskjer kontakt med deg som har flytta frå Årdal grunna utdanning eller arbeid. Fyll gjerne ut det korte skjemaet og bidra til å gje oss litt informasjon om kva som skal til for at nettopp du skal velje å flytte heimatt.

Har du allereie flytta heimatt og er aktiv jobbsøkjar? Då ynskjer me gjerne å høyre frå deg òg.

Kartlegging av utflytte årdøler
1. Kvifor valde du å flytte frå Årdal?
3. Kan du tenkje deg å flytte til Årdal i framtida?
4. Kva skal til for at du vel å flytte heim igjen?
Mogleg å krysse av fleire boksar
Personvern *
Desse opplysingane vil bli brukt av tilflyttarkontoret til Årdal kommune for å kartlegge kven som ynskjer å flytte heim og kva utdanningar og arbeidserfaringar vedkommande har. Informasjonen vil ikkje bli delt med utanforståande, og du kan til einkvar tid be om at opplysingane blir sletta. Tilflyttarkontoret ynskjer å behalde opplysningane i 18 månader, og deretter ta kontakt med deg for å høyre om det er ynskjeleg at tilflyttarkontoret held på informasjonen også i etterkant av 18 månader.

Visste du at…..

Årdal kommune rangerar som nr 5 i heile landet på kompetanse, både i
form av faglærde og høgare utdanning (NHO.no)

Årdalsguiden 2022/23

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her