Foto: Marita Opheim

10 gode grunnar til å velje Årdal
- Topptur etter jobb? Ja takk!
- Korte avstandar til barnehagar, skular, jobb og fritidstilbod.
- Me er ein nasjonalparkkommune med spektakulære eventyr rett utanfor døra, i Jotunheimen nasjonalpark.
- Aktivt og inkluderande lokalsamfunn med sterke miljø innan idrett og friluftsliv, musikk og frivilligheit.
- Spanande og innovativt teknologimiljø.
- Gunstige bustadprisar og god tilgang på bustader.
- Plassert midt mellom Bergen, Trondheim og Oslo med gode transportløysingar.
- Sterkt lokalt engasjement og tydeleg dugnadsand.
- Eige tilflyttarkontor med tett oppfølging.
- Gründerspire? Gode idear får god støtte frå dyktige hjelpeapparat.
Visste du at…..
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø
Årdalsguiden
I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.


