Tilflyttarkontoret

Ynskjer du å flytte til Årdal eller har du spørsmål om kva Årdal kan tilby deg? Årdal kommune sitt tilflyttarkontor er ei ny kommunal satsing og har som mål å hjelpe tilflyttarar til rette på sin nye heimstad og svare på ulike spørsmål du har. Det kan vere å bli kjent med offentlege kontor, fritids- og handelstilbod, informasjon om dei ulike tettstadane og anna du har behov for. Ingen spørsmål er for store eller små – me ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg velkommen.

Ved tilflyttarkontoret kan du bli knytt opp mot kontaktar i næringslivet og få betre oversikt over kva kompetansar offentlege og private bedrifter er på utkikk etter. Du vil bli godt mottatt i Årdal, og me kan vera til nytte når det gjeld å kome i kontakt med ulike organisasjonar og å skape sosiale nettverk på fritida.

Kontakt oss
Visste du at…..
Årdal heiar fram og støttar gründerverksemder

Årdalsguiden 2020/21

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her