Då han ikkje fann det tilbodet han ønska seg i bygda, tok han like godt saka i eigne hender.
Fredrik satsa på kjærleiken

Han innrømmer det gjerne; det var kjærleiken som gjorde at han hamna her.
– Me hadde ikkje snakka så mykje om å flytta «heim», som kona mi kalla det, men eg merka at ho var mykje gladare når ho kom heim etter å ha vore i Årdal og besøkt familie og vener, seier Fredrik Fossøy Mathisen no.
– Me hadde ikkje eigentleg så mykje som heldt oss att i Nittedal heller, så me byrja å sjå på hus og snakka meir om det. No seier Charlotte nok at det var mitt eige val. Men det låg nok meir bak – eg merka jo at ho likte seg betre her, seier han.
Det er altså kona Charlotte, fødd og oppvaksen i Årdal, som er årsaka til at Fredrik har hatt postnummer 6884 dei siste sju åra.
– Då me tok avgjerda om å flytta og byrja å sjå på hus, var eg superkresen. Det var trass alt ikkje altavgjerande for oss at me flytta hit, difor var eg oppteken av at me skulle bu skikkeleg. Då me såg huset i Dalen, var det gjort. Eg digga det: alt på ein etasje, store flater, hage og natur – det hadde kosta 10-15 millionar kroner i Oslo, her får du noko slikt for 3,5 omtrent!
Fredrik er grafisk designer og dreiv sitt eige firma, som mellom anna hadde store oppdrag som art director for Aftenposten på den tida. Han kom fram til at han til ein viss grad kunne ta med seg jobben på flyttelasset.
– Men ikkje Aftenposten, det gjekk ikkje. Så det var rundt 70 prosent av inntektene eg måtte finna att andre stader. Samstundes såg me også fort at bu- og levekostnadane våre gjekk ned då me flytta hit, så det gjekk opp i opp. Ein merkar at det blir færre impulskjøp på kjøpesenter, at det går mindre pengar til take away og slike ting, det er kanskje ikkje store summane, men på lang sikt er det faktisk det. I tillegg var planen eigentleg å jobba mindre då eg kom hit, eg låg på 10-15 timar om dagen og hadde lyst til å bruka meir tid med familien, fortel han.
I dag er Fredrik og Adundas etablert i eigne lokale på torget i Øvre, der han tek oppdrag hovudsakleg for ei rekkje kundar utanbygds, men også nokre her i bygda og i regionen.
Fritida går mellom anna med til å følgja opp minstejenta Lykke (9) i ulike aktivitetar – og på å sysla med eigne interesser i den tida som er til overs.
Jakt og fotball er mellom dei, det same er innebandy.
Sistnemde har ikkje vore heilt enkelt å finna høve til å dyrka i Årdal, men det sette Fredrik seg føre å gjera noko med.
– Eg har sjølv spelt innebandy aktivt og tykkjer det er eit kjempefint alternativ, spesielt for dei som kanskje ramlar litt av fotball og handball tidleg i tenåra. Difor prøver eg å få i gang eit innebandymiljø i IL Jotun. Det er ikkje heilt enkelt, det er ein del jobb med det. Mellom anna har eg brukt mykje tid på å skriva søknader til diverse mottakarar, bedrifter, fond og stiftingar og slike ting.
Det har resultert i at me har fått henta inn nok til å kunne kjøpa inn keeperutstyr og køller, eit sett til born og eit til vaksne. I tillegg har me fått støtte hjå fleire lokale bedrifter som no er med på sponsorsida, slik at me har fått fullfinansiert vantet – det er heilt strålande, for det går ikkje utan vant, som har ei kostnadsramme på godt 70.000 kroner.
Fredrik er vel vitande om at det ikkje er så mange klubbar i området at ein kan ha seriespel, men det er heller ikkje det største poenget.
– Poenget er å spela bandy, ha det kjekt og driva med fysisk fostring. Kanskje kan ein delta i turneringar eller spela mot nokre av laga i fylket, det får me sjå på.
Fredrik seiar han stortrivst i Årdal , men at han ofte tenker på at han skulle ha flytta tilbake til austlandet.
Ja, rett som det er, faktisk. Men det er som regel slik at ein tenker at graset er grønare på den andre sida. Kanskje kan eg sitta litt åleine og er litt rastlaus og det er stille og ikkje skjer så mykje, då tenker eg veldig ofte at det hadde vore kult å bu i byen. Men når eg ringer kameratane i Oslo, så viser det seg at dei sit heime og spelar PlayStation, dei òg. Dei går kanskje ikkje noko meir på kino og konsertar enn det eg gjer her.
Av lærte leksjonar om korleis ein finn seg til rette i nye, små lokalsamfunn, er det nok helst at ein må ta mykje initiativ sjølv.
– Eg var fokusert på at eg måtte komma meg ut og at ting ikkje vart lagt i fanget på deg. Eg hadde eiga bedrift, eg gjekk ikkje rett i jobb opå Hydro, eg var nyoperert og kunne ikkje spela fotball, så det var ikkje noko å henta der. SÅ eg var kasnkje ein litt slitsomfyr som henta i barnehagen og prata mykje og prøvde å bli kjend med folk i nabolaget.Ting tek litt tid, ja. Du må by på deg sjølv og vera deg sjølv og så må du treffa på dei som passar for deg, der må ein vera tolmodig.

Fredrik Fossøy Mathisen
Alder: 42
Yrke: Grafisk designer, innehavar av Adundas Design.
Sivilstatus: Gift, pappa til Lykke (9), bonusfar til Helle (18)
Bustad: Einebustad i Utladalen
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø
Årdalsguiden 2024/25
I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.
