Foto: Hanne Stedje

Velkomst i Årdal

Er du ny i Årdal og ynskjer å bli betre kjent med bygda og kva som skjer her? Tilflyttarkontoret legg til rette for ei vertskapsordning der det blir organisert eit møte mellom deg og ein lokal eldsjel eller representantar frå idrettslag eller andre organisasjonar du er interessert i å bli betre kjent med.

Tilflyttarkontoret saman med ordførar og kommunedirektøren set i stand velkomstsamlingar for nye tilflyttarar for å ynskje dykk offisielt velkomne på rådhuset på Årdalstangen. Ta kontakt med tilflyttarkontoret om du er ny i bygda og ynskjer å nytte deg av vertskapsordninga eller for å ta del i velkomstsamlinga som finn stad to gonger i året.

Kontakt oss
Tilflyttarkontoret

Nysgjerrig på kva me kan hjelpe til med? Les meir om Årdal kommune si satsing på tilflyttarkontoret her.

les meir
Bli kjent med Årdal

Finn ut kva visjonar kommunen har for framtida og kva satsingsområde du kan verte ein del av.

les meir
Kvifor Årdal?

10 gode grunnar til at dette kan vere staden for deg som er på utkikk etter ein ny arbeids- og heimstad.

les meir
Årdal i media

Vil du lese og sjå meir om Årdal? Her finn du ulike omtalar, videoar og ymse medie-oppslag om kommunen vår.

les meir
Visste du at…..

Årdal kommune rangerar som nr 5 i heile landet på kompetanse, både i
form av faglærde og høgare utdanning (NHO.no)

Årdalsguiden 2021/22

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her