Foto: Hans Smedegård

Tilflyttarkontoret
Ynskjer du å flytte til Årdal eller har du spørsmål om kva Årdal kan tilby deg? Årdal kommune sitt tilflyttarkontor kan hjelpe deg til rette på din nye heimstad og svare på ulike spørsmål du har.
Det kan vere å bli kjent med offentlege kontor, fritids- og handelstilbod, informasjon om dei ulike tettstadane og anna du har behov for. Ingen spørsmål er for store eller små – me ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg velkommen.
Ynskjer du å flytte til Årdal?
Då ber me om nokre få minutt av tida di til å fylla ut eit spørjeskjema. Tusen takk!
Ambassadørane våre
Her kan du møta nokre av dei som har teke steget og flytta til Årdal.
Årdal kommune er mellom dei ti beste kommunane i landet
på trivsel hjå skuleungdom (FHI.no)
Årdal kommune satsar – bli med og sats saman med oss
Teknologibygda Årdal er framtidsretta og har fokus på innbyggjarane sine, på miljøet og på skaping av nye arbeidsplassar. Arbeid i Årdal byr på inkludering og varierte stillingar, der arbeidsstadane er dynamiske og tilpassingsdyktige med stort fokus på trivsel og mangfald. Her finn ein alt frå lokale til internasjonale bedrifter som famnar om innovasjon og moderne teknologi, samt mange spanande satsingsmoglegheiter innan den unge reiselivsnæringa for den som er ambisiøs og eventyrlysten.

Foto: Rigmor Øygarden
