Foto: Hans Smedegård

Fritidstilbod i Årdal

Nedanfor finn du ei liste over fritidsaktivitetar for ulike aldersgrupper ein kan delta på eller melde seg inn i. Ser du noko som manglar eller ikkje stemmer, ta gjerne kontakt med oss.

Det bognar av tilbod for dei som ynskjer å ta del i det som rører på seg innan organisert idrett, friluftsliv og kultur i Årdal. Om du vil prøve noko nytt eller forme nye vennskap – her er det noko for alle. Dersom du ynskjer direkte kontakt med organisasjonane du finn nedanfor kan tilflyttarkontoret hjelpe deg.

Visste du at…..

Årdal har to friluftsbasseng

Årdalsguiden 2022/23

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her