Foto: Jan Ove Skjerping

Fritid og aktivitetar

Årdal byr på opplevingar, aktivitetar og møtestadar for folk i alle aldrar, og i den fantastiske naturen har ein mange flotte fritidsaktivitetar rett utanfor husdøra. Årdal har fleire organiserte turlag som byr på gode opplevingar i naturen, og i tillegg har ein moglegheit til å delta på eit mangfald av organiserte idrettar.

Det er gode serverings- og møtestadar som blant anna byr på tradisjonelle norske rettar, internasjonale matopplevingar, lokalbrygga øl, og fleire kulturelle hendingar i laupet av året. På desse sidene er det samla informasjon og lenkjer til dei ulike aktivitetane og møtestadane som finst i Årdal.

Saknar du noko? Ta gjerne kontakt med tilflyttarkontoret.

Kontakt oss

IDRETT
Årdal er kjent for innbyggjarane sitt engasjement som sportsutøvarar, tilskodarar og inkludering innan breiddesport. Spesielt innan organisert idrett har me mykje å by på. Her fins det gode tilbod for alle, og det blir tilrettelagt for å starte nye organisasjonar dersom nett din idrett ikkje er representert enno. Er du for eksempel interessert i å bli ein del av dei sportslege trenarapparata eller ynskjer du at barnet ditt skal delta i organisert idrett? Ta kontakt med tilflyttarkontoret som kan hjelpe med å finne fram til rette kontaktpersonar.

FRILUFTSLIV
Ein kan ikkje koma til Årdal utan å leggje merke til vår mektige og storslåtte natur. Fjord og fjell, djupe dalføre og ikkje minst Utladalen som er ei av inngangsportalane til Jotunheimen nasjonalpark. Her har me samla ulike turlag, skisenter og jeger-og fiskarforeningar. I tillegg finn du bedrifter som legg til rette for naturopplevingar med blant anna kajakkpadling og guida turar.

Tilflyttarkontoret

Nysgjerrig på kva me kan hjelpe deg med? Les meir om Årdal kommune si satsing på tilflyttarkontoret her.

les meir
Arrangement

Alt frå konsertar, teater, kinoar og toppturar: kva som skjer i Årdal finn du meir informasjon om her.

les meir
Fritidstilbod

Her finn du ei oversikt over aktivitetar og fritidstilbod for barn og unge, vaksne og familiar.

les meir
Mat og møtestadar

Lysten på god mat og sosialt samvær? Les meir om kva serverings- og møtestadar du kan velje mellom.

les meir
Visste du at…..

Årdal har heile 44 lag og organisasjonar som
får støtte frå grasrotandelen

Årdalsguiden 2020/21

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her