Hege sa opp den trygge jobben for å satsa sjølv

Ho har lært nokre viktige leksjonar. Og angrar ikkje eitt sekund.

– Eg har vel eigentleg alltid hatt ein draum om å ha mitt eige, vedgår Hege Østgård Kulhuset (28).

Ho fann kjærleiken og let seg lokka til Årdal for sju år sidan medan ho var i ferd med å utdanna seg til eigendomsmeklar. Etter å ha kjend på skapartrongen ei stund, tok ho til sist steget og etablerte Style By Kul, hennar heilt eige interiørunivers med nettbutikk i fjor haust.

Tanken var å forhandla møblar, interiørartiklar og konsulenttenester for dei som ynskjer tips og råd. I tillegg var boligstyling eit interesseområde ho ønskte å jobba meir med. Det siste handlar om å gjera bustaden klar for fotografering til salsannonser eller visning.

I byrjinga kombinerte ho verksemd og jobb, men etter eit par månader tok ho steget, sa opp jobben og satsa for seg sjølv. I same slengen opna ho også butikk i sentrum av Øvre Årdal. Det betydde at Hege flytta verksemda si ut av kjellaren heime og inn i nabobygget. Kort veg til jobb tyder oftast at grensene mellom jobb og fritid kanskje blir mindre tydelege, samstundes som det også gjev mykje fridsom og fleksibilitet.

Ho understrekar at ho er takksam for at sambuar Stian Sunde (33) stiller opp og hjelper til.

– Både sambuaren min og eg har høve til å disponera arbeidstida sjølve, slik at me kan bruka tid saman som ein familie. Eg kan til dømes ta nokre timar fri om dagen og heller prioritera borna og heller finna fram PC og sysla med kontorarbeid etter leggetid, er forklaringa.

Å vera sin eigen sjef er meir ein livsstil enn ein 8-16-jobb, men nærleiken til barnehage, jobb og fritidsaktivitetar og naturen gjer det mogleg å bruka tida på det som er viktig.

Det å opna butikk gav verksemda eit verkeleg løft, synte det seg, då omsetnaden i læpet av kort tid vart  tredobla.

– Nettbutikken tek lang tid å byggja opp. I tilegg såg eg at det var veldig mange årdøler som handla der, difor kom eg på tanken om å ha fysiske lokale til å stilla ut varene i. Slik sett når ein ut til fleire, det er ikkje alle som handlar på nett. I tillegg merkar ein at spontanhandelen er langt større enn i ein nettbutikk, seier Hege.

Ho har ikkje angra eitt sekund på det valet ho tok då ho sa opp den trygge jobben som eigendomsmeklar.  Det har på alle moglege måtar vore ein lærerik prosess, kanskje spesielt i forhold til at ting ikkje alltid går heilt som dei er tenkt.

I mange år har Hege nemleg hatt ein draum om å sysla med styling av bustader for fotografering, ei interesse som nok må seiast å ha vorte vekt nettopp gjennom jobben som meklar. Planen var å satsa stort på nettopp boligstyling.

– Men eg fann fort ut at det ville krevja alt for mykje tid og energi og krefter. Eg brukte enormt mykje tid om kveldane på å planleggja og pakka og ordna og styra og bera rundt på møblar og andre ting. Eg var meir stressa i den preioden, eg trur borna kanskje merka det òg. Difor har eg lagt det litt på is for å fokusera på butikken framover, seier Hege.

Når ho skal kopla av, står trimturmoglegheitene i kø, bokstaveleg talt rett utanfor stovedøra.

– Det er kanskje ikkje ofte nok at eg kjem meg ut på tur men det manglar ikkje på moglegheiter i alle fall. Favorittplassen min i Årdal er  Ramneberg. Det er passeleg langt og passeleg hardt – pluss at eg berre elskar den utsikta!

Har du ein idè?

Årdal utvikling søkjer gründerspirar og gjev deg den hjelpa du treng til å starta di eiga bedrift. Hjå Årdal utvikling får du gratis rettleiing, help til mellom anna forretningtsplan, budsjett og ulike støtteordningar. Me er der om du treng nokon å diskutera ideeane dine med.

Frå hausten 2021 flyttar me kontora våre inn i nye Årdal Teknologipark og vil ha fleire gründerkontor tilgjengelege som du kan bruka gratis i ein oppstartsperiode. Ta kontakt for å høyra meir!

Visste du at…..
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø

Årdalsguiden 2022/23

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her