Årdal kommune får stadig vekk nye tilflyttarar som finn vegen hit på grunn av karriereval, vår sentrale plassering og eit attraktivt friluftsliv. Tilflyttarkontoret har tatt pulsen på to av våre nye innbyggjarar som fortel om høg trivselsfaktor både på jobb og på fritida.
Flytta til Årdal – berre ein fryd heile vegen

Fyrst og fremst var det karrieremoglegheitene som lokka Kasper Strøm Halvorsen (26 år) og Selsebil Radi (25 år) til Årdal, som i dag er tilsette i graduate-programmet til Årdal Metallverk. Hjørnesteinsverksemda er blant arbeidsgivarane som årleg rekrutterer fleire nye innbyggjarar til teknologibygda innanfor sine mange ulike avdelingar.
Korleis hamna de i Årdal?
Kasper frå Asker flytta til Årdal hausten 2024 og har studert mastergrad i industriell kjemi på NTNU i Trondheim. Selsebil frå Oslo kom til Årdal saman med sambuaren sin hausten 2023 og har tatt masterløpet i kybernetikk og robotikk, også på NTNU i Trondheim.
Både Kasper og Selsebil trekk fram bedriftspresentasjonane til Hydro med tilsette frå Årdal Metallverk som avgjerande for at dei søkte seg til Årdal.
– Hydro er veldig synlege på NTNU i Trondheim og der hadde dei ein bedriftspresentasjon med representantar frå Årdal Metallverk gjorde meg merksam på moglegheitene ved verket her. Sidan eg er frå Asker, så var Årdal det mest sentrale verket for meg, fortel Kasper.
Selsebil fortel at det blei vist bilete frå industrien og verket, samt at ambassadørane skildra ein spanande arbeidskvardag. Sambuaren hennar søkte også på graduate-stilling ved metallverket i Årdal, og etter nokre intervjurundar var det klart at begge to fekk tilbod om arbeidsstad i teknologibygda.
Før jobbintervjua hadde verken Selsebil eller Kasper vore i Årdal før. For Kasper sin del var det blandinga av jobbmoglegheita og at han er glad i friluftsliv og bratte fjell, som vog mest då han søkte på graduate-stillinga.
– I tillegg er Årdal Metallverk gode på å marknadsføre tilgjengelegheita på natur og alt ein kan drive med, slik som til dømes isklatring og skikøyring, seier Kasper.
Årdal Metallverk satsar på kombinasjonen karriere, natur og kultur
Anders Jarstadmarken stadfestar at Årdal Metallverk i stor grad nyttar seg av friluftsmoglegheitene og alt det gode som Årdal byr på når dei rekrutterer til stillingane sine. Anders er einingsleiar for AMBS og Kvalitets-teamet i Årdal (Aluminium Metal Business System) som Kasper og Selsebil er ein del av. Han har ansvar for dei tilsette med graduate-stillingar ved Årdal Metallverk. Som graduate får ein fast stilling som tilsett i Hydro-systemet frå dag ein.
– Me ser at naturen er ein viktig faktor for at nyutdanna vel å søkje seg til Hydro Årdal, men me snakkar også varmt om alle dei andre tilboda i Årdal slik som musikktilboda, kulturarrangement og idrettslaga her. Dette brukar me for alt det er verdt, og me ser at det er attraktivt for søkjarane, fortel Anders.
Årdal Metallverk har hatt graduate-stillingar i AMBS-teamet i ei årrekkje, og statistikken viser tydeleg at det er attraktivt å fortsette karriereløpet ved verket etter to år som graduate.
– Sidan 2014 har me hatt 11 graduates i teamet vårt i Årdal, som inkluderer Kasper og Selsebil. I dag har 10 av desse valt å bli verande i Hydrosystemet, medan sju graduates har valt å bli i Årdal og etablert seg i lokalsamfunnet, seier Anders.
Vidare nemner Anders at dei fleste nye tilsette er gode på å integrere seg lokalt, samstundes som det er interne sosiale nettverk som legg til rette for trivsel, blant anna i foreininga Hydro Young Professionals (HYP) som organiserer lokale og sosiale aktivetar i laupet av året.

Full aktivitetskalendar og velkomst i Årdal
Både arbeidsstaden og det å ha bustadadresse i Årdal har innfridd. Selsebil fortel om gode inntrykk etter 1,5 år i teknologibygda, og ramsar opp fleire fordelar med Årdal:
– Det bur fine folk her, er nydeleg natur på fine dagar, og så er det nært foreldre og svigerforeldre som er ein stor fordel, stadfestar ho.
Som tilflyttar frå Oslo og med studentbakgrunn frå Trondheim, syns ikkje Selsebil at det er noko som manglar i Årdal når det gjeld fritidstilbod.
– Eg opplev at det er mykje som skjer her til trass for at det er eit lite samfunn, i den grad at det nærast er vanskeleg å velje kva ein vil bruke fritida si til, fortel Selsebil.
Selsebil snakkar varmt om kollegaer og innbyggjarar i Årdal som er nysgjerrige og som ynskjer tilflyttarar velkomne i lokalsamfunnet, og det dukkar stadig opp nye invitasjonar om å bli med på aktivitetar eller om å bli medlem i nye organisasjonar.
– Det var slik eg blei medlem i ei gruppe som driv med yoga i Seimsdalen. Eg har også begynt å gå meir i fjellet både sommar og vinterstid – det var ikkje det som trakk meg hit først, men på grunn av tilgjengelegheita så har det vore naturleg å bli med på det og, fortset Selsebil.
Også Kasper fortel om høg trivsel sidan han flytta til Årdal i august i fjor.
– Eg trivast godt, det er behageleg å bu her med kort veg til jobb og eg har mykje fritid i kvardagen. Eg gler meg til å prøve ut nærmiljøet meir enn eg har gjort så langt, både på vinterstid og sommartid, seier Kasper.
Ein fryd heile vegen
Kasper er tydeleg på at det få stader i Årdal som byr på moglegheita til å jobbe på eit verk og verkeleg og forstå den daglege drifta som gir oss ein uvurderleg kompetanse
– Ja, det er veldig mykje kompetanse her og det har i grunn berre vore ein fryd heile vegen. Eg har ingen planar om å flytte frå Årdal i nær framtid, for her er verkeleg trivselen på plass både på jobb og på fritida, seier Selsebil.
Me har blitt tatt veldig godt imot både på jobb og i lokalsamfunnet, så det er berre å komme til Årdal, konkluderer Kasper og Selsebil.
– Her er det eit godt miljø og ein ekstra bonus for dei som er glade i friluftsliv og naturen som finnast rett utanfor døra, i tillegg til mykje sosiale aktivitetar frå første dag, avsluttar Kasper.
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø
Årdalsguiden 2022/23
I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.
