– Me treng fleire slike som ho, seier statsminister Erna Solberg om satsinga
Katrine fekk skryt av statsministeren

Katrine Nundal (25) var fast bestemt på å flytta heim. Eigentleg hadde ho ikkje lyst til å reisa frå Årdal i utgangspunktet.
– Eg tok to friår før eg byrja på utdanning og var eigentleg klar for å komma meg ut i verda, som dei seier. Men det gjekk ikkje lang tid før eg tykte det vart litt stressande. Eg kjende ikkje nokon, det var framande over alt, store avstandar. Eg kjende meg veldig åleine i byen, eg kjende meg ikkje som meg sjølv, rett og slett.
Med ein bachelor i kommunikasjonsleiing frå BI i Bergen bar det strake vegen heimatt for to år sidan, det har ho ikkje angra eitt sekund på, sjølv om det ikkje har vore lett å få seg jobb innafor den retninga ho har vald.
– Mi erfaring er at det har ikkje vore heilt enkelt. Eg kan godt vera ærleg å seia at eg skulle ønskt det var lettare. Eg har søkt mange jobbar, men sidan eg er ung og uerfaren, får eg ikkje sjansen. Mitt håp er at Årdal skal tora å satsa på unge kvinner. Då må nokon nødvendigvis også tenka at me er verdt å satas på. Eg veit om fleire av vennene mine som har lyst til å flytta heim, men då er det sjølvsagt avgjerande at det er jobb å få.
Katrine har hatt jobba på kontrakt i produksjonen på Norsun og no Hydro, men er stadig på jakt etter arbeid innanfor kommunikasjon og marknadsføring.
Dette var nok også ein medverkande årsak til at ho hoppa i det og starta «Venleik», nettbutikk som fører forskjellige pynteprodukt som smykker og kosmetikk.
– Eg hadde tenkt på det allereie under studiane, men eg valde å fokusera fullt og fast på skulearbeidet den gongen. No fann eg eit høve til å starta nettbutikken fordi det er noko eg kan gjera ved sidan av den jobben eg har på verket. Eg kan også gjera det heimefrå, og det krev kanskje litt mindre ressursar enn om eg skulle ha opna ein fysisk butikk, seier Katrine.
Ho vil selja ting som sjølv ville ha kjøpt og som kanskje ikkje finst i bygda frå før.
– Det starta litt slik og utvikla seg vidare. Omsetnaden får litt opp og ned, men det er ganske greitt, det går for det meste oppover. Eg kan ikkje vera misnøgd, i alle fall. Det er veldig artig å halda på med.
Namnet «Venleik» representerer språk og identitet. Tanken er å nå ut til kundar over heile landet ved hjelp av sosiale media.
Verksemda hennar er blitt lagt merke til av fleire, mellom anna statsminister Erna Solberg, som gjennom ein artikkel i Sogn Avis fekk nyss i etableringa.
– Me treng fleire som Katrine: unge gründerar som torer å satsa og vil skapa sin eigen arbeidsplass. I 2019 var berre ein av tre gründerar kvinner. Det er for lågt. At færre kvinner etablerer si eiga verksemd tyder at me ikkje har lukkast godt nok med å ta heile befolkninga med på innovasjon, verdiskaping og leiing, seier Erna Solberg.
– Det litt eit stort potensial i å fremja kvinners skaparkraft og posisjon i næringslivet. Fleire bør gjera som Katrine. Det er gründerar som etablerer mange av morgondagens jobbar, seier statsministeren til Sogn Avis.
Det er naturleg nok stas for den unde bedriftseigaren å høyra. Ho håpar no å jobba vidare med nettbutikken og kanskje på sikt leva av det.
– Akkurat det tek eg veldig som det kjem. Planen no er å prøva å få kjøpt seg ein bustad, men det er ikkje så lett utan fast jobb. Eg vil gjerne etablera meg her i Årdal, det er dette som er heime.
Eg håpar eg kan visa at det går an å få til ting her ute på bygda.
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø
Årdalsguiden 2022/23
I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.
