Ho greip sjansen då han baud seg og har aldri angra

Marit sa opp den gode jobben og flytta heim fordi det var det beste for familien.

– Årdal er passeleg stort å veksa opp på, det er oversiktleg og fint, det betyr mykje, spesielt når ein har born, seier Marit Røyrvik Eldegard (41).

Ho reiste til Bergen for å gå på teknisk fagskule, vart seinare ingeniør og hadde det i grunnen veldig fint i vestlandshovudstaden saman med sambuar, seinare ektemannen, Geir.

I ni år jobba ho  i Nordsjøen som automatikar gjennom medan ho tok bachelor i atutomatisering.

– Då eg var feridg med studiet fakk eg ein god ingeniørjobb i Statoil, som det heitte den gongen, det treivst eg veldig godt med. Men då me fekk vårt første barn, såg me at me gjerne ville ha familien rundt oss. Sidan me begge er oppvaksne i Årdal, visste me at det ville gje borna våre gode oppvekstvilkår.

Heime i Årdal byrja Marit som lærar i automasjon ved Årdal vidaregåande skule, ei stilling ho treivst særs godt i.

– Det å vera lærar er krevjande, ja – men det er også veldig greitt reint praktisk når ein har små born, i og med at det er ein jobb med ein god del fleksibilitet som er enklare å sameina med småbarnslivet. Men eg kjenner nok at eg saknar både kollegaer og elevar, seier ho no.

I vår greip ho nemleg sjansen då han baud seg og landa jobben som dagleg leiar i BlueTec Vest, ei nokså ny verksemd i Årdal som installerer solcellepanel for både private kundar og i næringslivet.

– Utruleg spennande med slike nye utfordringar, det var ein moglegheit eg ikkje kunne lata gå i frå meg, er konklusjonen.

BlueTec Vest held til i same arbeidsfellesskap som mellom anna Sitep og Fjordalg, noko som tyder at den daglege leiaren er i godt selskap sjølv om ho er den einaste tilsette ved Årdalskontoret.

– Her er det fleire verksemder under same tak, noko som gjer at ein ikkje kjenner seg åleine, det er folk rundt om og det er store flater med lønsjrom som gjer at det er mogleg å ha eit sosialt fellesskap likevel, seier ho.

– Når eg tenkjer meg om, er det i grunnen ikkje så mykje eg saknar av bylivet, eigentleg. Eg brukte kanskje ikkje så mykje av det medan eg var der. I byen køyrer du også til og frå jobb, hentar i barnehage og lagar middag, slik går dagane. Eg brukar nok kinotilbodet og kafeen like mykje her, viss ikkje meir. Det einaste er at det ikkje er like mange butikkar her som i byen.

Marit Røyrvik Eldegard

Alder: 41
Familie: gift med Geir, mamma til to born på 10 og 13
Arbeid: dagleg leiar i BlueTec Vest as

Favorittstad i Årdal:
Vettismorki. Der har me eit sel som me likar å vera i. No har me til og med fått internett der, så då er det lettare å få borna med seg òg..!

Visste du at…..
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø

Årdalsguiden 2021/22

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her