Monica flytta heim

– og startar draumebutikken i Årdal

Frå storbyen til gründar i heimbygda – Monica er ein av fleire som har valgt å flytte heim igjen til Årdal. No opnar ho klesbutikken Fanci, og deler si historie som heimflyttar og gründer.

Deg og dykk
Kan du fortelje litt om deg sjølv og familien din?
Eg har bakgrunn frå sal og service, og har stort sett jobba i butikk heilt sidan vidaregåande – med unntak av eit lite Osloeventyr der eg tok eit studie og fekk den gjeve (haha) tittelen motekonsulent. Etterpå flytta eg til Sørlandets hovudstad Kristiansand og møtte kjærleiken.

Der jobba eg som kunderådgjevar og innkjøpsansvarleg hos Tvedt Optikk midt i gågata i Kristiansand. Marius, som er utdanna bilmekanikar, jobba som verkstadsmeister hos Tesla.

Der budde me i 12 år før me flytta heim på seinhausten i fjor. I dag er me ein familie på fem: meg (34), Marius (34), Lucas (4), Max (1) og dvergpuddelen vår, Theo.

Korleis var det å vekse opp i Årdal?
Det var trygt og godt! Etter å ha budd vekke i mange år, ser eg ekstra godt verdien av å vekse opp på ein mindre stad. Eg er glad for at eg no kan gje det same til mine eigne born.

Kvifor flytte heim?
Kva fekk dykk til å tenkje på å flytte heim?
Det var eigentleg ikkje ein plan, men me hamna i den klassiske tidsklemma. Med to små born ønskte me oss ein rolegare kvardag – med kortare avstandar, meir fritid og moglegheita til å skapa noko sjølve. Saknet etter familien spelte òg ei stor rolle.

Var det ei vanskeleg avgjerd?
Ikkje for meg. Det tok litt tid for Marius å modnast for ideen, men han vart fort med.

Kva måtte vere på plass for at de skulle flytte?
Ein bustad me hadde lyst å bu i, og ein jobb til Marius – det var det viktigaste.

Kva sa familien og vener då de fortalte om planen?
Me har ein tett familie, så dei var sjølvsagt veldig glade for at me (endeleg) flytta heim!

Gründerlivet og butikken Fanci
Fortel om Fanci – kva tilbyr de, og kva vil du oppnå?
Fanci er ein klesbutikk for jenter og damer, og opnar i starten av september. Me vil tilby handplukka merker i ulike kvalitetar, storleikar og prisklassar – alt frå gode kvardagsplagg til det lille ekstra. I tillegg satsar me på eit breitt utval av vesker, smykker, hårpynt og anna tilbehøyr. Me ønskjer å vere ein inspirerande og inkluderande butikk – der alle kjenner seg velkomne og ivaretekne. Me håpar at Fanci blir DIN nye favorittbutikk!

Det har alltid vore ein draum, og eg er overtydd om at det er rom for ein ny klesbutikk i Årdal. Det følast fint å kunne bidra til utviklinga av næringslivet i bygda.

Har det vore utfordringar med å starte opp?
Eigentleg ikkje! Eg kontakta Årdal Utvikling i februar, og fekk god hjelp til forretningsplan og vidare prosess. Banken var positive, og eg fekk raskt klarsignal. No gler eg meg til opning!

Responsen har vore heilt fantastisk! Mange har kome med fine ord og heiarop, og det er stort engasjement rundt Instagram-kontoen vår (@butikkfanci). Eg lovar mykje innhald når me opnar!

Kva betyr det for deg å skapa noko her i heimbygda?
Det er utruleg kjekt! Dette har vore ein jentedraum – og no vert han verkeleg. Eg vil gjerne oppmoda andre med ein idé om å våga å satsa. Ta kontakt med Årdal Utvikling og luft tankane – det er heilt gratis!

Livet i Årdal no
Korleis har det vore å flytte tilbake – for deg og familien?
Det har vore veldig fint. Eg visste at eg kom til å trivast – og det gjer meg ekstra glad at både sambuaren min og borna våre trivst minst like godt!

Kva har overraska deg positivt?
Kor hjelpsame folk er! Det merkar eg ekstra godt etter mange år i by.

Er det noko du saknar – eller som kunne vore betre for nye tilflyttarar?
Me har det meste, men eg kunne godt tenkt meg ein blomsterbutikk. Og ein vin- og cocktailbar, dersom eg får drøyma litt.

Kva trur du kan gjere Årdal endå meir attraktivt for nye tilflyttarar?
Eg trur det er viktig å vidareutvikle og støtte kulturelle tilbod – det er med på å gjere bygda levande og attraktiv.

Råd og håp
Har du eit råd til andre som vurderer å flytte til Årdal – eller heim att?
Årdal er ein fin og trygg stad å bu og vekse opp i. Korte avstandar, flott natur og godt samhald gjer kvardagen enklare.

Kva håpar du for framtida – for deg sjølv og for Årdal?
Eg håpar at mange vil støtte opp om butikken min – og at fleire vel å flytte til vakre Årdal.

Monica si historie er eit godt døme på kva som kan skje når draumar får grobotn i heimbygda. Me gler oss til opninga av Fanci og ynskjer heile familien lykke til vidare!

Visste du at…..
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø

Årdalsguiden 2024/25

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her