Attraktive arbeidsplassar og god bustadmarknad førte Sebastian og Eilin til Årdal

Hels på Sebastian Hjertager Lund frå Bergen og Eilin Skorpen frå Volda, to nye tilflyttarar som har funne vegen til Årdal.

– Gode jobbar, hus og fritid var viktige faktorar for oss, og i Årdal fann me tilbod som matcha våre behov, fortel Sebastian.

Dei fann vegen til Sogn i saman og studerte ved Høgskulen på Vestlandet HVL i Sogndal. Etter å ha fullført bachelor i fjor, fekk Sebastian stilling som ein av Årdal kommune sine nye planleggjarar og pendla dagleg til Årdalstangen. Eilin på si side pendla den andre retninga til Gaupne som kontaktlærar.

Så blei det utlyst ein stilling som kompetanseutviklar i Sogn Kompetanse i vår.

– Dette var ein draumejobb for meg, fortel Eilin, som søkte og fekk jobben.

– Me visste at Årdal var ein god moglegheit for oss dersom Eilin fekk jobbtilbod, fordi eg treivst så godt i Årdal kommune med gode kollegaer, legg Sebastian til.

– Her såg me også at det var realistisk å etablere oss som førstegongskjøparar på grunn av gode prisar på bustader, samanlikna med andre kommunar. No har me jo kjøpt oss hus og fått oss hund, så me har komme godt på plass i Årdal, fortel dei.

Korleis har de opplevd å flytta til Årdal?
– Me har opplevd å bli tatt veldig godt i mot her, både på jobb og i nabolaget. Ein nabo kom med velkomstgåve på døra då me flytta inn, og ein annan har passa katten vår. Folk slår av ein prat når me er ute på tur med hunden, det er veldig hyggjeleg, seier Eilin.

– Å formelt bli ynskt velkomne frå eit tilflyttarkontor er også utruleg kjekt der velkomstpakka med gåvekort frå lokale verksemder, kinobillettar og mykje anna gjer at ein får ein god moglegheit til å utforske kva tilbod som finnast med ei gong her i bygda. Det er eit veldig godt konsept, er tilbakemeldingane frå begge to.

Kva vil de seie til andre moglege tilflyttarar?
– Her er det attraktive arbeidsplassar og ein attraktiv og rimeleg bustadmarknad, og ein finn absolutt moglegheita til å skape eit fint liv her i fin natur. Og så er det veldig sentralt plassert mellom Bergen og Oslo.

– Det er mykje som skjer her med blant anna klatremiljø, DNT og ulike arrangement, ein ser at det er mange eldsjeler som får ting til å skje. For oss blir det viktig å hive oss med på det som skjer og å eventuelt skape sjølve det ein saknar frå bylivet, avsluttar Eilin.

Visste du at…..
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø

Årdalsguiden 2022/23

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her