Frå by til bygd:

No satsar han på køyreskule og ny kvardag i Årdal

Victor Stahl (29) har nyleg etablert seg i Årdal, både som innbyggjar og som eigar av ny trafikkskule. Med erfaring frå både by og bygd, og ei oppriktig glede over å vere ein del av eit levande lokalsamfunn, er han no klar for å satse på eigne bein. Me tok ein prat med han om korleis overgangen har vore, kvifor han valde Årdal, og kva planar han har framover.

Kan du fortelje litt om deg sjølv – kvar du kjem frå, og kva du har drive med før
Eg er ein roleg type frå ein liten plass på Sunnmøre som heiter Åheim. I skulegangen har eg vore innom elektrofag, IKT og TIP. Etter kvart hamna eg i ei bedrift der eg jobba med produksjon av laksefilet – noko som ikkje kjendes heilt rett for meg. Difor gjekk ferda vidare til påbygg og seinare trafikklærarstudiet.
Eg vart ferdig utdanna trafikklærar i 2021. Sidan då har eg jobba 1,5 år i Ørsta/Volda, og 2 år i Bergen. Deretter møtte eg ei dame herfrå, og vart lokka til Årdal. Så eg tek med meg erfaring frå både bygd og by når eg no skal prøve meg på eigne bein.

Utanom arbeidstid er eg ein aktiv kar som spelar fotball og gamar litt når eg får lov.

Kva var det første inntrykket ditt av Årdal?
Mitt første inntrykk av Årdal var at det verka som ein stad med godt samhald, og med ulike aktivitetar å driva med. For min del er fotball noko eg likar å spela, og eg følgjer også godt med på det. Eg har fått inntrykk av at det gjeld fleire her i bygda – spesielt etter å ha sett TV-serien Alt for Årdal.

Eg har opplevd det som veldig positivt å flytte hit, og set stor pris på hjelpsamheita til årdølene.

Har du møtt mange nye folk? Korleis har det vore å bli ein del av lokalsamfunnet?
Eg føler meg meir og meir integrert for kvar dag som går. Eg har fått meg nokre kompisar som er flinke til å dra meg med på ulike ting. Eg er også heldig i jobben min, som gjer at eg får møtt folk i alle aldersgrupper. Så langt har eg berre møtt kjekke folk som hjelper meg å bli betre kjent i Årdal.

Fortel litt om planane dine med køyreskule her
Planen min for trafikkskulen er å tilby eit konkurransedyktig tilbod som er både lærerikt og kjekt for kvar enkelt. Å lære å køyre bil kan vere utfordrande, så det å kunne bidra til eit trygt og lærerikt miljø – med rom for å prøve og feile – er viktig for meg.

Som nemnt tidlegare er det også ein effektiv måte å bli ein del av lokalmiljøet på. I tillegg er eg den einaste her som tilbyr trafikkopplæring på hengar, så folk slepp å reise til Sogndal for opplæring.

Responsen har vore veldig god – folk har meldt seg på, og er svært positive.


Korleis opplever du kvardagen i Årdal samanlikna med der du budde før?
Det er rolegare kvardagar her, akkurat slik eg likar det. I Bergen kan det fort bli travelt og masete. Det eg først og fremst legg merke til her, er kor hyggelege folk er. I tillegg er det vakker natur, og gode moglegheiter for å delta i ulike fritidsaktivitetar.


Ser du for deg å bli verande her på lang sikt?
Her blir eg nok så lenge omstenda tillet det!

Kva vil du seie til andre som vurderer å flytte til Årdal?
Ein kjem i kontakt med utruleg trivelege folk, i eit godt miljø, og på ein stad med flott natur. Det er berre å hoppe i det – flytt hit!

Victor Stahl

Alder: 29
Yrke:Trafikklærar

Visste du at…..
SITEP i Årdal er med på å forme den industrielle framtida
i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom næringslivet,
skulane, universiteta og andre forskingsmiljø

Årdalsguiden 2024/25

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her