Gaveriet AS og gaveriet.no søkjer ny eigar

Kan du tenkje deg å eige og drive ei allereie godt etablert merkevare?

Dette er ein unik moglegheit til å forme og skape din eigen arbeidsplass i Årdal. Gaveriet AS er ein frittståande faghandel med ein godt forankra kundebase i regionen. I november 2020 vart www.gaveriet.no etablert, og når ut til kundar i heile Norge.

Gaveriet AS har eksistert i Årdal sidan 2011 og er eigd av Legal Eigedom Årdal AS. Butikken har spesialisert seg på interiør, servise, gåveartiklar, gull, sølv, bunadssølv etc. Gaveriet er anerkjent i Sogn og har mange faste kundar, også i bransjen har butikken eit god renommé. Nettbutikken har i dag kundar i heile Norge, fra Nord til Sør.

Gaveriet tilbyr merke som: Rosendahl, Firm Living, Cooee, Magnor, Sif Jacobs, Stoff Copenhagen, House Doctor, Nicolas Vahè, Lakrids by Bülow, Nc Cristophersen/Janne Formo, Gulldia, RAW, F&H of Scandinavia, Wik & Walsøe, Panorama, Strømmen Trend, Sølvsmidja, Fjordsylv, Villeroy og Boch Norge, Sebra, Arven, Th Marthinsen, etc etc.

Butikken er godt synleg plassert midt på Årdalsenteret, saman med butikkar som Coop Extra, Vitus Apotek, Posten, Årdal Mote, Vinmonopolet, Nille, Sport 1, osv.

Den rette kjøparen får svært gunstige betingelsar, og om det er ønskjeleg er seljar disponibel for god assistanse og rettleiing frå overtaking og inn i 2022.

Er dette noko for deg?

Er dette sjansen du har venta på? Kjenner du på interessa, motivasjonen og initiativet til å drive denne merkevaren vidare? Ta kontakt!

Skriv kort til ovo@legal-ardal.no.

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med:
Legal Eigedom Årdal AS, Ole Vidar Øren, tlf. 414 13 379,
e-post: ovo@legal-ardal.no.

Astrid Øvstetun frå tilflyttarkontoret i Årdal -«Ditt Årdal», tlf. 923 18 959,
e-post: astrid.ovstetun@ardal.kommune.no.

Frist: Snarast og seinast 22. april. Kun seriøse henvendelsar.

Arbeid til sambuar/ektefelle

Har du fått jobb i Årdal men har ein partnar som er på utkikk etter ledige stillingar? Årdal ligg sentralt plassert mellom Vang i Innlandet, Lærdal og Sogndal og har korte pendlarvegar. På Framtidsfylket kan de og fylgje med på ledige stillingar i nabokommunane. Er dykk på utkikk etter arbeid til ektefelle eller sambuar, ta gjerne kontakt med tilflyttarkontoret som kan bidra med å kople kandidatar til lokale bedrifter.

Næringsutvikling

Har du innovasjonslyst, eller kan du tenkje deg å arbeide i eit kontorlandskap? Årdal kommune gjev gründerhjelp til gode forretningsidear, og det er moglegheitar for å leige kontor i eit felleskap i lokale næringslivsbygg. Ta kontakt for meir informasjon. Finn meir informasjon om kontorfellesskap her.

Visste du at…..

Årdal kommune er rangert som nr 5 i heile landet på kompetanse, både i
form av faglærde og høgare utdanning (NHO.no)

Årdalsguiden 2022/23

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her