Foto: Hans Smedegård
Kombinere yrkesliv og friluftsliv i urbant bygdesamfunn

Årdal kommune søkjer sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar innan ulike område. Om du ynskjer å bli ein del av våre dynamiske team for å skape dei magiske augneblinka og dei trygge stundande saman med erfarne kollegaer, då bør du søkje hjå oss!
I tillegg til å vere svært gode på jobbarenaen, ligg Årdal plassert der Sognefjorden går på land og ved inngangen til Jotunheimen nasjonalpark. No snakkar me draumescenario for både jobb og fritid i vår urbane kommune.
Årdal kommune har gode stipendordningar, blant anna rekrutteringsstipend, vidareutdanning og lån og tilskot til bustadkjøp i kommunen. Og er du heilt ny i Årdal, vil tilflyttarkontoret i kommunen bidra til at du får ein god velkomst og ein kickstart på gode og sosiale opplevingar på fritida. For meir informasjon om tilflyttarkontoret, les meir på www.dittardal.no.
Bla deg vidare nedover for å lese meir om aktuelle ledige stillingar.
For å søkje og lese meir om Årdal kommune, gå inn på https://www.ardal.kommune.no/om-oss/ledige-stillingar/.
For å verte vurderte til dei ledige stillingane, må du vise til godkjend politiattest og ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
Stillingar innan pleie og omsorg
Årdal kommune har for tida fleire ledige stillingar innan pleie og omsorg, både faste og vikariat, frå 80-100%. Me søker etter sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og har ledige stillingar både i heimesjukepleia og på sjukeheimane.
Om du brenn for spesifikke fagområde har omsorgstenesta i kommunen ressursgrupper innan kreft, oksygenbehandling og demens der du kan bidra til å utgjere ein skilnad for bebuarane våre.
Me har fokus på velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering, som kan bidra til at brukarane våre kan bu lengre heime.
For meir informasjon om dei ledige stillingane, ta kontakt med:
Hilda Nese, Tenesteleiar for pleie og omsorg,
tlf: 94815663, mobil: 94815663, e-post: hne@ardal.kommune.no
Stillingar innan bu- og miljøtenesta
Årdal kommune har fleire ledige, faste stillingar innan bu- og miljøtenesta som miljøterapeut og miljøarbeidar, frå 80-100%. Ser du etter nye og spanande stillingar der du kan bruke deg sjølv i eit kreativt og positivt miljø med blant anna tøffe tak, godt arbeidsmiljø og faglege utviklingsmoglegheiter, bør du søkje hjå oss.
Våre tenester har eit fokus på utviklingsfremjande og tilrettelagt arbeid som bidreg til tryggleik og likeverd i kvardagen, og samarbeid internt og eksternt med tverrfaglege instansar.
For meir informasjon om dei ledige stillingane, ta kontakt med:
Marita Opheim, Tenesteleiar for bu- og miljøtenesta,
mobil: 99521531, e-post: marita.opheim@ardal.kommune.no
Årdal kommune er rangert som nr 5 i heile landet på kompetanse, både i
form av faglærde og høgare utdanning (NHO.no)
Årdalsguiden 2022/23
I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.
