Det gode liv i Årdal

Tenkjer du at eit kvardagsliv med mindre stress, meir tid og betre plass høyres freistande ut? Eller ynskjer du å komme nærare slekt og venner og ynskjer deg heimatt? Kom til Årdal, då vel!

Her kan me garantere deg eit liv med god plass og betre tid, kortreiste lokalsamfunn med gå-avstand til det meste, med nærleik til friske turar på fjorden og i fjella. I Årdal byr me på eit rikt kulturliv og eit enormt fritidsmangfald, samt garanti for barnehageplass.

Akkurat no har kommunen vår mange jobbmoglegheiter som kan gjere nettopp din draum til ein realitet.

Er du lærar, fysioterapeut, sjukepleiar eller hjelpepleiar, då har me ledige jobbar til deg. I tillegg er det ledige stillingar som pedagogiske leiarar og barnehagelærarar i våre barnehagar, musikklærar, leiar for NAV, arkivleiar og leiar for tilflyttarkontoret.

Meir informasjon om stillingane våre finn du på www.ardal.kommune.no.

Ser du ingen stillingar som passar deg, eller har du behov for lokale til heimekontor? Om dette er tilfelle, eller om du treng litt fleire grunnar til å velje Årdal, så følg oss gjerne på Facebook og Instagram. Du kan og ringe tilflyttarkontoret på telefon: 92318959 eller sjekk ut resten av nettsida vår dittardal.no for å finne ut kvifor nettopp du bør søkje på nokre av våre ledige stillingar.

Arbeid til sambuar/ektefelle

Har du fått jobb i Årdal men har ein partnar som er på utkikk etter ledige stillingar? Årdal ligg sentralt plassert mellom Vang i Innlandet, Lærdal og Sogndal og har korte pendlarvegar. På Framtidsfylket kan de og fylgje med på ledige stillingar i nabokommunane. Er dykk på utkikk etter arbeid til ektefelle eller sambuar, ta gjerne kontakt med tilflyttarkontoret som kan bidra med å kople kandidatar til lokale bedrifter.

Næringsutvikling

Har du innovasjonslyst, eller kan du tenkje deg å arbeide i eit kontorlandskap? Årdal kommune ved Årdal Utvikling gjev gründerhjelp til gode forretningsidear, og det er moglegheitar for å leige kontor i eit felleskap i lokale næringslivsbygg. Ta kontakt for meir informasjon. Finn meir informasjon om kontorfellesskap her.

Visste du at…..

Årdal kommune er rangert som nr 5 i heile landet på kompetanse, både i
form av faglærde og høgare utdanning (NHO.no)

Årdalsguiden 2021/22

I denne guiden får du full oversikt over nærområda i Årdal og omegn og kva ulike tilbod som fins. Her finn du eit utval av lokale turar, servicetilbod, arrangement og møtestadar.

Les den online her