Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, finn du Årdal kommune, teknologibygda med urørt natur og kort veg til Jotunheimen nasjonalpark. Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal med omlag 5260 innbyggjarar. Tettstadene er omkransa av dalane; Naddvik (Vikadalen), Nundalen, indre og ytre Ofredal, Seimsdal, Fardalen og Utladalen. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar, både musikk- og friluftslivretta, som trekkjer til seg folk frå fjernt og nært.
Årdal kommune satsar – bli med å sats saman med oss!
Årdal Kommune er ein framtidsretta kommune som har eit stort fokus på innbyggjarane sine, på miljøet og på skaping av nye arbeidsplassar. Å vere kommunalt tilsett i Årdal kommune byr på inkludering og varierte stillingar, og er ein dynamisk og tilpassingsdyktig arbeidsstad med stort fokus på trivsel. I Årdal finn ein g internasjonale, regionale og lokale bedrifter som famnar om ny innovasjon og moderne teknologi. Det er eit spanande og nyskapande reiseliv, samt gode og varierte servicetilbod. I tillegg har Årdal eit stort lokalt og frivillig engasjement innan fleire sektorar med stor bidragslyst. Her kan ein finne daglege fritidstilbod for store og små, medan det er korte avstandar til blant anna skianlegg, badeanlegg, dagsturhytter og nabokommunar. I Årdal fins det meir enn du trur!