Alder, status, bustadstatus
44, einsleg, arva einebustad som er barndomsheimen min.
Kva gjorde at du tok valet om å flytte til Årdal?
Kombinasjon av eit ønske om betre økonomi, nærleik til natur og nærare mine to eldste born i Bergen. Som einsleg ville eg ikkje hatt råd til einebustad i Ålesund der eg budde før. Eg ønskte heller ikkje å selje barndomsheimen, og reiste først berre for å prøvebu eit halvt års tid før eg bestemde meg for å selje rekkehuset i Ålesund og flytte hit permanent. Eg hadde og moglegheit til å ta med jobben på heimekontor, elles ville eg nok ha brukt litt lengre tid på å flytta om eg ikkje hadde hatt jobb.
Nemn topp tre ting du tykkjer er verdt å vite om kvardagslivet i Årdal for nye årdøler.
Utsikta mot Årdalsvatnet om morgonen når overflata er blikkstille og fjella speglar seg perfekt i vatnet. Endelause skiløyper og turstiar i fjella eller rett utafor døra. Eit roligare og meir tilbakelent liv utan stress og følelsen av å komme heim.
Favorittstad i Årdal?
Må eg velgja ein? Den finaste utsikta er frå Gjerdesnosi ut Årdalsfjorden. Den tøffaste utsikta er frå Bøttejuvet når du legg deg på magen og ser ned i avgrunnen. Det lettast tilgjengelege fjellet er vetle Finnsåsen med den store utsikta. Den kulaste plassen er den frosne Katedralen i Vikadalen om vinteren.