Alder, status, bustadstatus
Ekteparet Gaute (40) og Lene (45), eigen einebustad på Årdalstangen med våre to born.
Kva gjorde at du tok valet om å flytte til Årdal?
Eg, Lene, budde i Bergen med god jobb, men kom i ein fase i livet der eg følte eg kunne gjere endringar og valte då Årdal. Bergen har mykje å by på, men eg kjende at eg ikkje ynskte å ha med meg stresset som fylgde med storbyen inn i småbarnslivet vårt. Gaute, som kjem frå Øvre, møtte meg på vegen. Og på Årdalstangen har me fått moglegheita til å skapa vårt eige paradis, vår trygge hamn.
Nemn tre ting du tykkjer er verdt å vite om kvardagslivet i Årdal for nye årdøler
Du er sjef for eigen kvardag, men eg tør påstå at me har nokre av dei flottaste bakteppa for både aktive og rolege dagar her i Årdal. Her er interessegrupper for det meste: jakt, fiske, fjell, turlag, kultur, husflid, sport og liknande, vil uansett klare å finne utløp for interessene våre. Heile sommaren har me to utandørs oppvarma basseng å boltre oss i!
Favorittstad i Årdal?
Det er vanskeleg å ha berre ein favorittstad, iallfall med ungar. Men ein tur til «Utsikten» frå Seimsåsen er aldri å fornekta, det er ein superenkel tur pluss at å køyre gjennom Offerdalstunnelen er alltid spanande. Å kunne sitja «Ne’ fø sjøen» i Offerdalen og skua utover fjorden ein roleg sommardag, er kjekt for store og små. Eller ta seg ein ettermiddagstur over «Tangen på kanten».