Alder, status, bustadstatus
29 år, sambuar med Vidar, kjøpte tomannsbolig i Øvre i fjor.
Kva gjorde at du tok valet om å flytte til Årdal?
Då eg budde i Bergen gjekk eg rundt i ulike vikariat, og det var veldig vanskelig å få fast jobb. Når det siste vikariatet mitt i DNB gjekk ut, tenkte eg at nok er nok. Eg har alltid visst at eg ville flytte heim igjen i framtida, men ikkje allereie i 2019. Då moglegheita i Porten.no kom opp, i tillegg til at eg var ganske klar for å flytte heim, takka eg ja og pakka ned heile leilegheita. No har eg budd heime i to år, og har ikkje angra ein dag. Eg saknar sjølvsagt bylivet og vennene mine der, men heldigvis er det enkelt å komme seg til Bergen på besøk. Her i Årdal er alt så lett tilgjengelig, og eg har det meste eg treng i kvardagen.
Nemn tre ting du tykkjer er verdt å vite om kvardagslivet i Årdal for nye årdøler.
Me har lett tilgang til det meste her i bygda, og Årdal har eit godt og hjelpsamt lokalmiljø. Me har muligheit til å dyrke friluftsinteresser, me har lett tilgang til både fjord og fjell, muligheita til å padle, gå på ski (langrenn, topptur og alpint), eller tur til fots nesten heile året. Og sjølv om Årdal er ei lita bygd, har me muligheit til å reise ut, ete god mat og gå på kafé med venner.
Favorittstad i Årdal?
Det er eit vanskelig spørsmål, men Indre Ofredal Ne´fø sjøen er ein favoritt!